Geilolaget var sterkast.
Frå venstre: Fia Madelene Junger ( reserve), Nora Øen Tørrisplass, Erik Espeli og Iver Brattåker Stuestøl,

Geilolaget var sterkast.

Dei siste tre rundane av den innleiande runden av KVM er i gang. Geilo 2 møtte Gol 2 tysdag kveld.
Kven veit mest 2016/17
Knut Medhus
Publisert : 03.01.2017 21:48
Sist oppdatert : 03.01.2017 23:17

Som alltid var det to topp motiverte lag som møttest til dyst i Radio Hallingdals studio i Hol tysdag kveld. Laga vart prøvd i det meste, frå aktuell verdspolitikk til kunnskap om sitt eige land og verda ellers. Det viste seg snart at Geilo hadde marginane på si side - dei skåra ofte fullt hus mens Gol litt for ofte tapte eit par poeng. Sjølv om Gol var i ferd med å ta Geilo att mot slutten, så glei dei i frå heilt til sist og tok ein klar siger med 36 mot 28 poeng.

Programmet går i reprise onsdag kl 1500. Neste omgang er tysdag 17. januar.

 

!Gol laget: Sander Wøllo, Andrea Skredderberget Bergtun, Frida Evjen Reime. Foto: Rita Stavn








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS