Geilomat tek sats.
Jan Birger Furuseth satsar på lokalmaten.

Geilomat tek sats.

Jan Birger Furuseth tek lokalmatsatsinga eit steg vidare, no også med eige bryggeri
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.12.2016 22:13
Sist oppdatert : 27.12.2016 22:38

Dei som har vore innom Spar Geilo siste månadane, har ikkje kunne unngått å ha lagt merke til skåpa med Geilomat. Kvar dag i førjulstida var produsenten sjølv tilstades med smaksprøver på produkta som han kan tilby, alltid blid og raus med utdelingane. Jan Birger fortel til Radio Hallingdal at han no har om lag 30 ulike produkt han sel under fellesmerket Geilomat, og også han ser tydleg sterkt aukande interesse for ikkje masseprodusert mat. Han prisar den sterke satsinga på lokalmat som Spar Geilo har gjort - det betyr enormt for produsentane at dei slepp til på denne måten, seier han.

Jan Birger har også etablert eit lite bryggeri, og vil etterkvart vera klar med to øltyper, den mørke litt kraftige Geilingen og den lysare, lettare Skurdølen. Dei blir i starten selt berre direkte frå bryggeriet, slik er reglane!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS