Spennande tevling
Vinnarlaget frå Torpo: Nora Karterud Sørensen, Elida Hagen, Silje Løstegård Gilen. Foto: Rita Stavn.

Spennande tevling

Dagali og Skurdalen oppvekstsenter og Torpo skule sørga for ein jamn og spennande kamp i KVM tysdag kveld.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.11.2019 12:58
Sist oppdatert : 06.11.2019 13:43

Det er ikkje så ofte Dagali og Skurdalen oppvekstsenter har kunne stille lag pga av få elevar, men i år stilte dei opp med 3 godt førebudde elevar. Frå Torpo var det eit reint jentelag som skulle forsvara Torpo skule og også dei var tydlegvis godt førebudde....

Etter fyrste halvdelen av tevlinga hadde jentene frå Torpo sikra seg eit greitt forsprang, men ikkje større enn at Dagali - Skurdalen kunne ta dei att. Det var også i ferd med å skje. Då to spørsmål sto att var det fire poengs forskjell, men dessverre for Dagali - Skurdalen så endra dei svara sine i siste liten og dermed vart det null i staden for fire poeng. På siste spørsmålet fekk begge laga 2 poeng og Torpo skule kunne feire at dei er vidare i KVM.

Programmet går i reprise i dag onsdag kl 15.00

 

!Laget frå Dagali og Skurdalen Oppvekstsenter: Maria Torkildsen Goberg, Tuva Hansen Håvardsrud og Sigve Furuseth.

 

!Girlpower fra Torpo skule








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS