Flest innvandrarar i Hemsedal
Bilde frå flyktningehjelpen.no

Flest innvandrarar i Hemsedal

Fersk statistikk viser ein del interessante forhold når det kjem til innvandring og Hallingdal
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.04.2019 14:59
Sist oppdatert : 03.04.2019 15:18

Ein innvandrar er ein som kjem frå eit anna land og slår seg til i Norge. Kva land innvandraren kjem i frå er ukjent. Nokre av innvandrarane er komne hit som flyktningar. Då får kommunen tilskott for å busetja dei og for å få lært dei norsk samt få dei i arbeid.

Statistikken viser blant anna dette for kommunane i Hallingdal. Fyrste talet fortel kor mange prosent av befolkningen som er innvandrarar, tal nr 2 viser kor mykje kommunen har fått i tilskott i 2018 til flykningearbeid og det siste taler viser kor stor prosent av innvandrarane som i lønne arbeid ved utgangen av 2018.

Tala viser at det i HEmsedal er kvar femte innbyggar innvandrar, 21,9 %. Dei viser også at det er Ål som får mest pengar for å integrere - i 2018 fekk dei 19,3 mill. Når det gjeld å få innvandrar i arbeid så er det verdt å merke seg at i Nes så er det fleire prosent av innvandrarane i arbeid enn av innfødte. 71,7 % av innvandrarane er i arbeid, 68,8 % av dei innfødte er i arbeid!

Fyste talet er % av befolkningen som er innvandrarar, andre talet tilskot i 2018, tredje talen prosent av som er i arbeid av innvandrarane, i parentes det same for innfødte:

HOL:   16,3 %     8 mill     70,7 % (71,2%)

ÅL        8,9 %       19,3 mill 70, 6 %  (71,7%)

GOL     14,6 %      11,2       69,8 % ( 71,8%)

H.DAL   21,9 %      8,6        71,2 % (71,4 %)

NES      10,5 %      6,8 mill   71,7 % (68,8%)

FLÅ      14,6 %       9 mill       55,9 % /70,9 %)

Kjelde: UDI 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS