Omstridd deling av gardsbruk i Hemsedal vedteken
illustrasjonsfoto

Omstridd deling av gardsbruk i Hemsedal vedteken

Med knappast mogleg fleirtal vart forslaget om å godkjenne frådeling av det gamle tunet og litt til vedteke i planutvalet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 25.03.2019 09:21
Sist oppdatert : 25.03.2019 09:25

Det var Odd Holde som fremja forslaget som vart vedteke med 4 mot 3 røyster. Dei 3 røysta for rådmannen sitt forslag om å avslå søknaden.

Her er vedtaket:

Vedtak etter Jordlova: Hovudutval for plan- og ressurs gjev med heimel i jordlova §§ 1 og 12 løyve til frådeling av bustadhus, loft, stall / trev, driftsbygning og utleigehytte samt 1,2 daa fulldyrka areal frå eigedomen gnr. 78 bnr. 1 som omsøkt. Grunngjeving for å gje løyve til frådeling er: 1. Det omsøkte arealet kan arronderingsmessig lett skiljast ut frå bruket utan at det får negative driftsmessige konsekvensar for resten av bruket. I sør grensar det til Hulbakvegen og i vest til side 14 av 29 naboeigedom, aust og nord følgjer delinga det bygningsmessige. Det vert eigen avkjøyring frå Hulbakvegen. Det er også god avstand mellom bygningane på det frådelte arealet og det nyare tunet på bruket.

2. Det frådelte landbruksarealet på ca. 1,2 daa får svært liten eller ingen negativ innverknad på landbruksproduksjon på bruket. Dette arealet ligg godt til rette for bruk til hagedyrking for det samla frådelte arealet. Slik sett går ikkje arealet ut or produksjon og det er ikkje omdisponering av landbruksareal.

3. Frådelinga vil kunne gi resursar til å ta vare på og styrke resten av landbrukseigedomen. Dispensasjon etter Plan- og bygningslova: Hovudutval Plan og Ressurs gjev med heimel i plan- og bygningslova § 19-2, fyrste ledd, dispensasjon til frådeling av tomt på 6,5 daa med jordbruksareal og eksisterande bygningsmasse frå eigedom gnr. 78 bnr. 1 som omsøkt. Det vert og vist til rettsverknad av kommuneplanen jf. Pbl. §11-6. Grunngjevinga for vedtaket er at omsynet bak arealdisponeringa i kommuneplanen ikkje vil vere vesentleg tilsidesett. Arealet ligg i ein ytterkant av landbrukseigedomen. Frådelinga er positiv for busetting i grenda og det er positivt for at dei gamle bygningane kan verte teke godt vare på.

Deling etter plan og bygningslova: Hovudutval for plan- og ressurs gir med heimel i plan- og bygningsloven § 20-1 m tillatelse til fradeling av tomt på 6,5 daa frå eigedomen gnr. 78 bnr. 1 som omsøkt. Vilkår for deling er at vegrett frå Hulbakvegen vert sikra og at det kan dokumenterast tilfredsstillande løysing for vatn og avlaup. Vedtaket kan påklagast av part eller annen med rettsleg klageinteresse jf. forvaltningslova si § 28. Jf. forvaltningslova si § 29 er frist for å klage 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket har kome fram til vedkommande part. Klage skal sendast skriftleg til Hemsedal kommune. Forvaltningslova si § 18 gjev ein part rett til å gjere seg kjend med dokumenter i saka, for så vidt ikkje anna fylgjer av reglane i §§ 18 og 19








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS