Fyrste semifinalelag klart
Frå v: Mina Skjemmedal, reserve, Syver Brattabø Torgersen, Marit Sandelien, Markus Asheim Torgersen.

Fyrste semifinalelag klart

KVM laget frå Nedre Ål var i storform under tysdagens kvartfinale.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.02.2019 11:15
Sist oppdatert : 13.02.2019 12:35

Det var lag frå Hallingskarvet skole og NEdre Ål skule som var fyst ute i kvartfinalerundane. Det viste seg veldig raskt at laget frå Nedre Ål var skikkeleg på hogget, dei sanka full pott på fleire spørsmål mens laget frå Hallingskarvet ikkje kom skikkeleg i gang. Etter studiobytte halvvegs i kvarten, tok det seg opp for laget frå Hallingskarvet skole, men ålingane var framleis nokre hakk betre og tok ein relativt klar siger og er dermed som fyrste lag klare for semifinale i årets KVM.

Neste kvartfinale går tysdag 5. mars der dei to laga frå Nes møtest - Nes 1 og Nes 2.

Tysdagens program går i reprise onsdag kl 1500

! Laget frå Hallingskarvet skole: Frå V: Isabelle Haagenrud Buene, Ingrid Grøtt Engerbakk, reserve og Endre Mikkelsen Ellingplass








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS