Kultur- og idrettsstipend i Ål
Frå v: Kultursjef Hilde Bjørnsvik, Cecilie Skrindo, Hilde Iren Sato, Ola Terje Oleivsgard og ordførar Solveig Vestenfor

Kultur- og idrettsstipend i Ål

2 unge jenter er årets kultur- og idrettsstipendiatar i Ål
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 14.12.2018 19:15
Sist oppdatert : 14.12.2018 19:18

Her er kva leiaren i utvalet for kultur og levekår sa ved overrekkinga;

Eg har gleda av å skulle dele ut idrettsstipendet for ungdom for 2018. Etter eit samrøystes vedtak i SUKO går stipendet i år til 20 år gamle Hilde Iren Sato, som allereie har drive som alpinist i mange år. Ho byrja på skigymnaset i Oppdal i 2014, der ho kunne kombinere skulegangen med skikøyring. Etter fullførd vidaregåande har ho helde fram med denne kombinasjonen, no på universitetet og med laget der; Trønder alpin.

2018 har vore eit år med mykje køyring og gode resultat, både nasjonalt i NM og internasjonalt med to topp-3 plasseringar i FIS-renn. Resultata i fyrste halvdel av 2018 er imponerande ikkje berre idrettsmessig. For Hilde Iren har, trass sin unge alder, fått kjenne ordentleg på det at idrett ikkje nødvendigvis er berre moro og stendig framgang. Ho har nemleg roke korsbanda i begge knea og meniskane i det eine. Siste operasjon var i juni i fjor, men i oktober same år var ho på ski att, og i desember på ny i eit FIS-renn. Så følgde altså 2018 der ho er på det nivået ho hadde håpa på og sett seg som mål. Me skjønar at det ikkje skortar på viljestyrke her, og me håpar at eit idrettsstipend kan vera eit velfortent klapp på aksla frå heimkommuna. Me ynskjer Hilde Iren Sato alt hell med dei nye måla ho måtte setja seg, og med dette, til lykke med Idrettsstipendet frå Ål kommune for 2018!

 

Så er det tid for kulturstipendet, der det alltid er spennande å sjå kva som dukkar opp av søkjarar. Og etter at me dei siste åra har vore innom både elektronika og flamenco-gitar er me i år attende i tradisjonsmusikken, då kulturstipendet går til ei jente som spelar hardingfele. Namnet er Cecilie Skrindo, og ho har heilt sidan ho starta å spele synt seg å vere eit talent utanom det vanlege. Ho har teke opp spelemannsarven etter bestefar sin, Sigurd Skrindo og gått i lære hjå både Rebecca Lofft og Øyvind Brabant. Ho har vore ein av deltakarane i Talentskulen i Buskerud i fleire år og har vore ei viktig brikke i folkemusikk- og folkedansmiljøet på Hugnadheim på Torpo. Trass sin unge alder, berre 16 år, held ho eit svært høgt teknisk og musikalsk nivå. Ho har vunne juniorklassa på Landskappleiken heile fire gonger, noko som er utan sidestykke. Slikt bli reflektert gjennom at ho ifjor fekk den nasjonale Fureprisen og at det allereie i vår vart hennes tur te å få den gjeve Jens A Myros minnepris. Det bør også nemnast at ho i tillegg til å vere eit av dei største feletalenta me har i dag også er ein habil springardansar, og også engasjert i ungdomspolitikk, som ein av representantane i Ungdommens fylkesting og den som skal representere Hallingdals-regionen i styret der. Det blir spennande å følgje Cecilie Skrindo vidare og me håpar ho når langt med både spel og dans, til glede for oss alle! Og me seier, til lukke med stipend!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS