Hol sa nei til å underteikne avtale
Formannskapet hadde følgd rådmannen si tilråding i saka. Han ba politikarane underteikne avtalen om politiråd slik det var bedt om frå Sør- Øst politidistrikt. Petter Braaten sa blant anna i sitt innlegg om saka at dette var ein heilt unødvendig avtale. Alt denne omhandla var på plass frå før i ulike dokument og instruksar og avtalen ville ikkje føre til nokon endring i politirådstenesta. Slike standardavtaler har me ikkje bruk for meinte Braaten. Me skal ha godt samarbeid med politiet kvar dag året rundt, eit par halvtimes møter i året gagnar ikkje det samarbeidet meir med ein avtale som seier det same som andre dokument gjer - den sender me i retur utan underskrift.
Han fekk litt motbør frå Hol ap, men etter eit gruppemøte slutta dei seg til forslaget frå Petter Braaten. Dermed sa eit samla Hol kommunestyre nei til avtalen frå politidistriktet, den går i retur utan underskrift,