Halllingskarvet skole sigra
Frå v: Isabel Haagenrud Buene, Ingrid Grøtt Engebakk, Alette Maurseth Eng, reserve, Endre Mikkelsen Ellingplass.

Halllingskarvet skole sigra

Sterk innsats etter pausa sikra sigeren til Hallingskarvet skole
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.11.2018 10:49
Sist oppdatert : 28.11.2018 10:56

4. innleiande runde i KVM gjekk på lufta tysdag kveld med lag frå Leveld og Hallingskarvet skole som deltakarar. Ein litt vaklande opning på fotballspørsmåla ga dårleg uttelling for begge laga, men utover i spørsmålsrekka var det Leveld skule som sanka mest poeng og kunne gå til studiobytte med ei leiing på 4 poeng. Etter studiobytte viste det seg at studio B også var lykkestudioet for Hallingskarvet skole. Då dei hadde vorte varme der inne, så sanka dei etterkvart så godt med poeng at dei til slutt vann kveldens tevling med 32 mot 22 poeng, og er dermed klare for kvartfinalen over nyttår.

Programmet går i reprise i dag onsdag kl 1500

 

Leveldlaget: Frå v: Angelika Lappegard, Ingrid Sofie Ådnegard, Roger Stølen og Kristiane Haug Grønnerød, reserve.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS