Ostebygda stiller med 17ostar i OsteVM!
Bilete av ostebordet på opninga av Ostebygda 5. oktober 2018 på Hol Ysteri.

Ostebygda stiller med 17ostar i OsteVM!

Det skal vel godt gjerast at nokon bygd verken i Norge eller andre stader klarer å slå antal ostar frå Ostebygda Hol som deltek i oste VM i Bergen....
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 26.10.2018 22:29
Sist oppdatert : 26.10.2018 22:47

Ostebygda er eit samarbeidsorgan for osteprodusentane i Hol. No har dei meldt inn heile 17 ulike ostar til årets storhending for ostefolket- VM i Bergen fyrste helga i november. Frå Norge er det totalt levert inn 175 ostar . 10 % kjem altså frå Hol! Det er 58 ulike ysteri frå Norge representert i Bergen. noko som er ny rekord. Det er i alt 3400 ostar med i VM.  Produsentane frå Hol har vore med i norske mesterskap tidlegare og hausta både gull, sølv og bronse, og Rueslåtten fekk også sølv i oste VM i fjor. Kåringa foregår fredag 2. november og RH vil vera til stades og halde dykk oppdatert på fjesboksida.

Ostebygda skal også i Bergen presentere Yst og Tyst - der ostar frå ostebygda møter øl frå Kinn bryggerier i Florø - eit opplegg dei har prøvd litt fram til no med svært gode tilbakemeldingar.

I tillegg til å kjempe om heider og ære er det å møte ostekolleger frå heile vera kanskje like viktig. EIt slikt mesterskap er ein god læringsarena.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS