Fullsett gymsal på Hallingskarvet skole mens elevane syng.
Marknadsdag for TV aksjonen
Som ei av mange skoler så hadde Hallingskarvet skole sett av ein dag til TV aksjonen 2018. Mange aktivitetar og tilbod samt mange besøkande fylte opp pengekassa!
Dei ulike klassetrinna hadde produsert diverse varer dei selde. Her var tilbod om kjøp av laminerte bokmerker, lykter, sjølbaka kaker for å nemne litt. Entusiastiske elevar sto for informasjon om kva dei hadde gjort og ikkje minst for salet. Marknaden sto på 2 timar, og på den tid rakk dei også å synge to gonger for dei mange som strøymde til marknaden. Salet gjekk strykande, for på dei to timane fekk elevane inn 13 488 kroner til TV aksjonen 2018.
Reportasje i Fredagsmagasinet kl.21