Biogassanlegg i Kleivi?
Hallingdal renovasjon vurderer bygging av biogassanlegg.

Biogassanlegg i Kleivi?

Det er nye forskrifter som pressar fram meir innsamling av plast og ikkje minst matavfall som gjer at det må tenkast nytt i forhold til renovasjon
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 05.10.2018 14:54
Sist oppdatert : 05.10.2018 15:03

Miljødirektoratet har no sendt ut på høyring nye forskrifter om sortering av avfall, og konsekvensen er blant anna at både hushaldningar og næringsliv må kjeldesortere mykje meir matavfall og plastavfall enn i dag. Det er nye vedtak i EU som tvingar fram endringar også i Norge. Kravet er at matavfall skal vera kjeldesortert innan 2023. Dei som tek i mot sortert avfall blir også pålagt å sørge for gjennvinning av materialet, og i den forbindelse har Hallingdal renovasjon sett i gang eit forprosjekt med tanke på å bygge eit biogassanlegg i Kleivi. Der vil matavfall kanskje kombinert med husdyrgjødsel bli forelda til biodrivstoff i flytande eller i gassform. I løpet av 2019 vil styret og representantskapen i HR ta stilling til dette. For HR kan det blant anna bety at dei ved å bygge om bilane sine litt kan la dei gå  på biodrivstoff frå eigen produksjon og produksjonen vil også bli såpass at den kan forsyne bussparken i Hallingdal og anleggsbransjen.

Viss det ikkje blir biogassanlegg i Kleivi må sortert avfall køyrast langt avgarde for å kunne nyttiggjerast.

Meir i Fredagsmagasinet 5.10.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS