Arbeiderpartiets nye distriktspolitikk?
Illustrasjonsfoto

Arbeiderpartiets nye distriktspolitikk?

Eit utval der blant andre ordføraren i Gol, Heidi Granli har vore medlem, har no lagt fram sitt forslag til distriktspolitisk program for Det norske arbeiderparti.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.09.2018 10:39
Sist oppdatert : 28.09.2018 10:54

By og land hand i hand er dokumentet kalla og tek dermed i bruk eit slagord som Arbeiderpartiet brukte i mange år i håp om å vekke oppatt viljen til å sjå denne samanhengen. Dokumentet, som du kan lesa ved å trykke på ein link her, er på 21 sider og inneheldt ein god del konkrete forslag og mange runde formuleringar som mange vil kunne nikke attkjennande til også frå andre parti.

For reiselivsregion Hallingdal er det verdt å merke seg at Ap. no vil opne for at kommunane kan innføre "turistskatt" for å få inn pengar som går spesifikt til tiltak for turismen, ein opplegg som er godt kjent frå Europa ellers, men som skiftande regjeringar her har stoppa.

Høyr intervju med Heidi Granli kl 2100 fredag kveld. Dokumentet kan du lesa her.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS