Klart nei frå Hol kommunestyre til flatt tak på
Forslag frå arkitekten. Henta frå sakspapira

Klart nei frå Hol kommunestyre til flatt tak på "Nye Breidablikk"

Søknaden om å få dispensasjon frå reguleringsplanen for Geilo skapte ein større debatt i HOl kommunestyre onsdag og dei store partia var delte.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 26.09.2018 19:02
Sist oppdatert : 27.09.2018 10:08

UPU - fagutvalet for reguleringssaker hadde tilrådd at planfremmaren, Hallingdal hytteservice, fekk dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Geilo slik at dei kunne bygge med flatt tak. Til dagens møte hadde Hol sp fått med seg Kr.f, Venstre og Frp på eit fellesforslag om å si nei til dispensasjon og sende saka attende til planfremmar med pålegg om å koma attende med ny sak dersom han vil det, men då med saltak. Debatten viste at det var full splittelse i dei to store partia, Høgre og AP, og røystinga viste til slutt at 15 representantar var samde i forslaget som sa nei til flatt tak. Saka går dermed attende til Hallingdal hytteservice.

Fekk du ikkje med deg debatten så kjem møtet i reprise frå torsdag kl. 0900.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS