Risikerer 400 000 kr i gebyr
Ustedalen resort. BIlde frå hotellets nettside

Risikerer 400 000 kr i gebyr

Hol kommune har varsla utbyggaren tidlegare, men det har ikkje ført til ønskelege tiltak og dermed blir det no varsla overtredelesgebyr på 400 000 kr for Ustedalen hotell as
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.08.2018 09:21
Sist oppdatert : 24.08.2018 09:31

Hotelle fekk midlertidig brukstillatelse 26. februar, men den vart oppheva 5. mai med krav om rettingar. Ny søknad om bruksløyve vart avslått 4. juni, men mellombels løyve vart gitt 12. juni med krav om oppretting av rømmingsplan m.m. innan 15. juni. Kontroll viste at så ikkje var skjedd, og kommunen sendte pålegg om stans og opphør med øyeblikkeleg verknad frå 6. juli..

Det viser seg at bygget framleis er i bruk utan bruksløyve og det er også bygd ein etasje ekstra utan at det er søkt om endring.

HOl kommune vurderer det slik at overtredelsen er forsetteleg eller uaktsom fordi kommunen fleire gonger har peika på at all bruk av bygget er å sjå på som ulovleg bruk.

Derfor får no Ustedalen hotell varsel om krav på 400 000 kr i gebyr for 3 ulovlege forhold. Dei får no 3 vekers frist til å uttale seg før endeleg vedtak om gebyr blir gjort.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS