Langedrag 40 år
Ordfører Eli Hovd Prestegården, daglig leder på Langedrag Tuva Thorson og ordforer Tore Haraldset foran den nye storstua

Langedrag 40 år

Måndag 6.8. markerte Langedrag 40 års dagen sin med storstilt feiring
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.08.2018 22:10
Sist oppdatert : 08.08.2018 18:05

Det var som kanskje dei fleste kjenner til, Erik KJell Thorson som etablerte seg på Langedrag for godt 40 år sidan. Han og kona hadde då halde på med rideskole på Ekeberg i mange år, og etter at dottera Tuva og ei venninne hadde leigd og drive støl i Langedragområdet nokre år, vart lysta til å koma vekk frå bylivet og opp på fjellet så stor at dei gjorde alt dei kunne for å få kjøpt eit område. Dei fekk etterkvart kjøpt Langedrag og etablerte ser her. Dyr har heile tida vore det viktigaste for Langedrag, og etter å ha starta opp som leirskule, vart det etterkvart også besøksgard med mange ulike dyr. 
I dag står Langedrag fram som ein av dei fremste besøksgardane med dyr av mange slag, og ikkje minst ulvane har vekt stor oppsikt langt utover Norges grenser. Når Tuva besøker ulvane i innhegninga og har "samtaler" med dei er det mange som knapt trur det dei ser.

I høve 40 års jubileet vart eit stort nybygd loft opna og ordførarane frå dei to vertskapskommunane Nore og Uvdal og Nes understreka begge i sine helsingar kor viktig Langedrag var for nærmiljøet og som turistmål.

Begge ordførane fekk også prøvd seg på utfordrande hestekøyring - de kan sjå korleis det gjekk på fjesboka til Radio Hallingdal - https://www.facebook.com/RadioHallingdal/

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS