Samar ved Strandavatn for 1100 år sidan?
Eine enden av langhuset ved Østmundset. Foto: Knut Medhus

Samar ved Strandavatn for 1100 år sidan?

3 arkeologar har i nesten 3 veker halde på med utgraving av ei langtuft ved Østmundset ved Strandavatn i Hol og dei har også grave ut ei rundtuft som kan vera eit ekstra spennande objekt.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 22.06.2018 21:36
Sist oppdatert : 27.06.2018 14:30

Arkeolog Lisbeth Skogrand har leia arbeidet med utgravingane og har vore prosjektleiar på vegner av kulturhistorisk museum. Utgravingane måtte gjerast før vasstanden i Strandavatn vart så høg at tuftene vart gøymt under vatn att.

Arbeidet vart avslutta onsdag. No blir prøvene sendt til analyse og utover vinteren blir det trekt konklusjonar på grunnlag av prøvene og dei funna av ulike gjenstandar som er gjort.

Alt no kan det slåast fast at det 30 meter store langhuset har innehalde ei smie eller ein jernvinneomn i eine enden og rom for husdyr i andre enden. I mellom der har folket budd året rundt. Datering av langhuset ligg truleg omkring år 1000 til 1100.

Den runde tufta er ekstra spennande. Det er funne ein eldstad nesten 70 cm under dagens nivå og det er funne kulturlag over denne att. Lisbeth Skogrand antydar at det er sterke indisier på at dette kan vera ei tuft etter samisk busetnad. Samisk busetnad i Sør- Norge er altfor lite undersøkt så der ligg mykje forskning og ventar. Dei øvre kulturlaga tyder på at folket i langhuset kan ha brukt den hola som har vore att etter at det sto eit rundhus der til søplegrop. Den samiske busetnaden i dette huset kan vera tilbake til år 800 antydar Skogrand.

Meir i fredagsmagasinet med reprise måndag formiddag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS