Ål kommune gir gåve til nyfødde i Ål
Velkomen til Ål - saueskinn med helsing frå ordførar Solveig Vestenfor

Ål kommune gir gåve til nyfødde i Ål

Det er nok i seinaste laget å ta laus no for å få det fine saueskinnet som Ål kommune gir til alle nyfødde i Ål i 2018.............
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 22.06.2018 12:41
Sist oppdatert : 22.06.2018 12:55

Ål kommune som så mange andre i distrikta har siste åra fått ein markert nedgang i folketalet. Kva kan gjerast for å auke tilflyttinga og ikkje minst for å auke barnetalet i kommunen?? Spørsmålet er stilt av mang ein politiker, og svara er mange og mangt og mykje blir prøvd. No er det også slik at det blir født rekordfå barn i Norge også, men no gjer Ål kommune eit grep for å glede dei som føder barn i kommunen.

Alle som blir registrert som nyfødt i Ål i 2018 får ein flott saueskinnspels med ei helsing frå ordføraren og med påtrykt kommunevåpen frå Ål. Ei flott gåve.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS