Kva skjuler seg under torva?
Lisbeth Skogrand frå Kulturhistorisk museum i gang med avdekking ved Østmundset. Foto: Rita stavn

Kva skjuler seg under torva?

Dei neste 14 dagane blir det intenst arbeid for å prøve å avdekke kva som kan skjule seg i eit par store tufter ved Østmundset
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.06.2018 16:17
Sist oppdatert : 01.06.2018 18:27

Det er redsla for at området litt etter litt blir heilt utvaska som gjer at Riksantikvaren no har løyvd midlar til å få undersøkt desse buplassane nærare. Dei vart også undersøkt i samband med prosjektet "Far etter folk" tidleg på 1980 talet, men no blir det ei grundig utgraving. Tre arkeologar skal dei neste 14 dagane prøve å avsløre kva som kan gøyme seg her. Det er ei svært stor tuft på om lag 40 meters lengde og ei rund tuft med diameter om lag 5 meter som skal sjekkast ut. Den runde tufta kan ha ein samanheng med den firkanta, men det kan også vera ei seinare samisk tuft........

Intervju i Fredagsmagasinet 1.juni








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS