Avskjed med Lensmannen
Ordførar Tor Egil Buøen ga avtroppande lensmann Geir ein hard og varm klem. Foto:; Knut Medhus

Avskjed med Lensmannen

Ved avslutninga av dagens møte i kommunestyret nytta ordføraren høvet til å takke avtroppande lensmann Geir Vidme
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 31.05.2018 16:29
Sist oppdatert : 01.06.2018 18:29

Det vart ein takk rett frå hjarta som vart Geir Vidme til del. Ordførar Buøen la stor vekt på kva Vidme har betydd for svært mange i Flåsamfunnet ved den måten han har vore som lensmannen i bygda. Den nye ordninga som ordførar Buøen følte var tvinga på dei og andre småsamfunn var han svært usikker på korleis ville bli etterkvart. I fyste omgang tek Geir Vidme rolla som politikontakt, men verken han eller andre veit serleg mykje om kva den rolla inneber.

Ein god bamseklem frå bamseordføraen og varm applaus frå kommunestyret understreka at det var ein spesiell avskjed med ein ein ekta lensmann for bygda Flå.

Meir i fredagsmagasinet






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS