Jens A Myros minnepris til Cecilie Skrindo
Cecilie Skrindo. Arkivfoto. (Foto: Thomas Westling. Landskappleiken 2017)

Jens A Myros minnepris til Cecilie Skrindo

Ho blir av skjønarar sett på som eit av dei største feletalenta i Norge - laurdag vart ho heidra med Jens A. Myros minnepris.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.05.2018 19:46
Sist oppdatert : 27.05.2018 21:07

Minneprisen er innstifta av Hallingdølen og blir delt ut til unge utøvarar som viser spesielt godt talent innan tradisjonsdans eller folkemusikk. Cecilie Skrindo har til trass for den unge alderen sin nådd å vinne sin klasse på landskappleiken 4 gonger - det er i seg sjølv ein eineståande prestasjon.

Prisen er på 10 000 kr samt diplom.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS