Brann i leilighetsbygg på Geilo
Brann i BIl og bo på Geilo. Foto: Rita Stavn

Brann i leilighetsbygg på Geilo

Litt før kl 0100 natt til laurdag oppsto det brann i eit leilighetsbygg på Geilo vis a vis Essostasjonen. Alt av blålysetatar i Hallingdal er på staden.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.05.2018 01:50
Sist oppdatert : 12.05.2018 03:25

Politiet melder kl halv to at det er registrert 10 personar som bur i dette bygget og per no er det ikkje gjort greie for alle i følge politiet. Luftambulanse er også komen til staden. Det skal ikkje vera behov for å evakuere frå nabobygga. Riksveg 7 er stengt.

Oppdatering kl 0200: Politiet melder at det no er gjort greie for alle bebuarane. som var registrert i bygget.

Oppdatering kl 02.19: Politiet melder at brannmannskapene har kontroll på brannen og at det ikke er fare for spredning. Samt at årsaken er ukjent.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS