
Raset i Rukkedalen. Foto: Oddvar Holm
Fleire jordras i Hallingdal onsdag
Varmen onsdag førte til at det gjekk ras både i Ål og på Nes
På Ål var det Liagardane som var utsett. Der gjekk det heile 3 ras med relativt kort mellomrom, og 3 hus vart etterkvart evakuert. Eit hus fekk mindre skader. Ein geolog vart bodsendt for å vurdere om det er fare for fleire ras utover i området.
På Nes var det Rukkedalen som vart råka. Der gjekk raset over fylkesvegen som då vart stengt ein stund medan opprydding og klargjering foregjekk.Skredet var 25 meter langt og 10 meter breitt.
Annonse: