Slutt for infosentralen på Golsfjellet
Infosentralen påsken 2017. Bilde frå Facebooksida til sentralen.

Slutt for infosentralen på Golsfjellet

Etter godt 60 år på GOlsfjellet er det frå og med påsken 2018 slutt med Norges Røde Kors sin informasjonssentral på Golsfjellet
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 19.03.2018 13:35
Sist oppdatert : 19.03.2018 19:37

I følge Norges Røde Kors skal sentralen i no etablerast i hovudkvarteret til Norges Røde Kors i Oslo. Leiar i landsrådet, Kjersti Løvik, seier til RH at det er ein konsekvens av moderne teknologi at dei har valt å flytte sentralen til Oslo der dei fleste media er. Servicen overfor alle media omkring i landet blir den same som før. Ho understrekar at Gol og Hemsedal hjelpekorps har vore ein svært god samarbeidspart gjennom alle år på linje med Buskerud Røde kors, som også avsluttar sin sentral på Golsfjellet frå og med i år.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS