Bygdafolket hylla gullvinnaren.
Øystein Bråten møtt av mange hallingar på Gardermoen (Foto: Christina Winther)

Bygdafolket hylla gullvinnaren.

Ein fullasta buss med entusiastar i alle aldrar blanda med hallingar som bur i Oslo møtte Gull Øystein på Gardermoen tysdag ettermiddag.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 20.02.2018 18:07
Sist oppdatert : 20.02.2018 19:01

Gardermoen har vel knapt vore arena for liknande tidlegare. Ingebjørg Sørbøen spelte fele, unge tørpingar dansa halling og sparka hatt med jublande folkemengde omkring. Også gullvinnaren, som også er ein habil lausdansar, kasta seg også ut i dansen med skinne på ein skada arm! Stor stas med ordførar, rådmann og kultursjef også på plass.
Gullguten sjølv må ein tur innom Oslo før han kjem heim til Torpo - den skada armen må sjekkast nærare.

Meir omkring Øystein si gullmedalje i fredagsmagasinet 23.2.

 

Autografer ble det også (Foto: Christina Winther)

 

 






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS