Ringeriksbanen utsett i 7 år?
Illustrasjonsfoto

Ringeriksbanen utsett i 7 år?

Bane Nor maktar ikkje verken å planlegge eller få bygd Ringeriksbanen før i 2028 til 2031
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.02.2018 20:04
Sist oppdatert : 18.02.2018 20:14

Det er Aftenposten som melder dette sundag kveld. Dei har fått tilgang til dokument frå BaneNOr som blir offentlege måndag. Der melder BaneNor at mange av dei alt vedtekne planane som bygging av Intercitybanar ikkje let seg gjennomføre i den takt som er vedteken.. Om Ringeriksbanen heiter det bl.a. at det må meir pengar til om finansiering av banen skal vedtakast i 2020 og stå klar i 2028. Dei antydar også at det kan skyvast ut til 2023 med finansiering og ferdig i 2031.

Bane Nor vil i staden prioritere enno høgare ny jernbanetunnel gjennom Oslo og meir utbygging av Østfoldbanen sør for Ski.

Bane Nor forklarer sine forslag til utsetting blant anna med at det etter deira meining kjem for lite pengar til jernbane fyrst i perioden og for mykje i siste, dei er på etterskot med planlegginga, det blir dyrare enn tidlegare rekna med m.m.

Innspelet er til regjeringa og så spørs det om politikarane vil stå ved tidlegare løfter eller omprioritere slik Bane Nor ber om.

 






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS