Kommunestyret ba om meir forhandlingar
Hol kommunestyre

Kommunestyret ba om meir forhandlingar

Kommunestyret i Hol ville ikkje setja i gang nokon ekspropriasjonsprosess omkring Vølloområdet på Geilo førebels
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.02.2018 13:46
Sist oppdatert : 04.02.2018 17:04

Industriområdet på Vøllo har vore på ulike kart sidan 2007, og forhandlingar om overtaking har gått føre seg ei god tid. Men det er delte meiningar blant grunneigarane, og rådmannens forslag om å setja i gang ein prosess som kunne ende i ekspropriasjon fekk eit tillegg etter forslag frå Høgre. Det understrekar at det må førast fleire forhandlingar før det blir sett i gang nokon ekspropriasjonsprosess og etter forslag frå Arbeiderpartiet skal spørsmålet om eventuell ekspropriasjon leggjast fram for kommunestyret på nytt. 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS