Tett kamp atter ein gong!
Geilo 2 vant tevlinga. Leander Ryo-Bergstad, Mathea Helle Trillhus, Nora Pålgardhaugen og reserven.

Tett kamp atter ein gong!

Det har lett for å bli tette tevlingar i KVM - det skjedde også denne gongen.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 17.01.2018 15:42
Sist oppdatert : 17.01.2018 16:38

Geilo 2 og Gol 1 var dei som skulle kjempe om plass i kvartfinalane denne gongen. Dei heldt godt følgje nokre spørsmål før Geilo drog frå litt og såg ut til å dra det heile komfortabelt i land. Men på dei tre siste spørsmåla tok det brått til å jamne seg ut, så då siste spørsmål gjekk, kunne både Geilo og Gol ha teke sigeren, alt ettersom kven som svarte rett og feil. Geilo klarte å dra det heile i land, men berre med 2 poengs forsprang.

Og som så ofte - ein blir imponert over kunnskapsnivået til sjetteklassingane!!

Siste innleiande runde går tysdag 23. januar då Nedre Ål 1 møter Gol 3 - i det programmet blir kvartfinalene trekt på direkten! (Oversikt over dei som har gått vidare finn du her)








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS