Nils Faarlund heidra.
Foto: Rita Stavn

Nils Faarlund heidra.

Det er godt 50 år sidan Nils Faarlund etablerte Norsk fjellskole i Hemsedal - no blir han heidra med eige bygg i bygda.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.01.2018 11:50
Sist oppdatert : 12.01.2018 12:01

Nils Faarlund var ein av dei fyrste som tok til å lansere begrep som økofilosofi blant anna i samarbeid med Arne Næss. Han sto fremst på barrikadene som naturvernar i 60 og 70 åra og gjennom Norsk Fjellskole i Hemsedal fekk mange elevar inn bodskapen hans både gjennom teori og ikkje minst ved å vera i naturen. Han er stadig aktiv som gjesteforelesar på ulike høgskoler og universitet i sitt 81. år, og like meiningssterk som før.

Denne veka vart forslag til Nilsetunet lansert og arbeidet med å  få realisert det går for fullt. Nils Faarlund og kona har sjølve gitt 1 million til bygget, og ei stifting er i gang med å skaffe fleire midlar.

Møt Nils Faarlund i fredagsmagasinet 12.1.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS