Det går så det kvin
Illustrasjonsfoto

Det går så det kvin

Arbeidsløysestatistikken for desember stadfester at i Hallingdal er det god fart for tida
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 02.01.2018 15:13
Sist oppdatert : 02.01.2018 15:21

Ved utgangen av året var det tilsaman 108 heilt ledige i Hallingdalskommunane. Det er 5 færre enn for eitt år sidan. Men mest interessant er det å sjå kor stor del av arbeidsstyrken i dalen som er ledig. Snittet i Buskerud er 2,4 %, det same som for landet totalt. I Hallingdal er det ingen kommunar med over 2 % av arbeidsstyrken ledig. Flå, men Novemautfordringane, er høgst med 1,6 %. Nes og Hemsedal har 1,1 %. Ål har færrast ledige i forhold til arbeidsstyrken, 0,7%, Hol kjem tett bak med 0,8 % og Gol med 0,9 % av arbeidsstyrken ledig. Dette viser ferske tal frå NAV Buskerud.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS