Låve brann ned
Foto: Privat

Låve brann ned

Den gamle låven var overtent då brannmannskapa kom fram
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.12.2017 21:56
Sist oppdatert : 04.12.2017 15:33

Brannmannskap frå stasjonane på Geilo og i Hol rykte ut til brannen, men hadde ikkje sjans til å redde noko. Varmeutviklinga var så sterk at nabohusa også vart berørt då måling tok til å flasse og vindaugo sprakk. 
Det vart ganske raskt bestemt av politiet at det ikkje var anna å gjera enn å la den gamle låven brenne ned. Ein bil og ein eldre traktor gjekk med i brannen. Brannårsaka er ukjent så langt.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS