Lokale vinnarar av Innovation camp

Så er det klart kven som skal representere Hallingdal i mellomrunden av Ungt entrepenørskap
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 15.11.2017 16:03
Sist oppdatert : 15.11.2017 16:19

Mellomrunden er på Hønefoss onsdag 22. november. Vinnarane frå Hallingdal skal der møte vinnarane frå RIngerike og Midtfylket. Tilsaman 17 grupper skal kjempe om finaleplass. Finalen er i Drammen 7. februar.

Frå Hallingdal er desse klare for mellomrunden med følgjande produktide:

Flå skole: HSK EB. Dette er ein app som skal hjelpe deg med å kaste søpla på rett måte. Elevane er inspirert av den nye søpleordninga for FLå, Gruppa består av Odmund Kolsrud, Maria Hyldmo, Thapanee BOurat og Ida Frisenberg.

Geilo BUSK: JeanWool EB er ideen. Det er bukser med fora stillongs. Idemakarane er Tilde Sofie Grøslandsbråten, Mathilde Maruseth-Eng, ANne Espeli, Nora Haugo, Dalai Mohamad, HOud Khushfi.

Geilo BUSK: Wallaetbag EB: Dette er ei kombinert lommebok og mobildeksel med innebygd handlenett. Utviklarane er Oddbjørn Kvile Gauteplass, Ola Jonson Øen, Espen Kaupang, Mina VIcdtoria Pettersen, ANdreas Rønsgård Breie.

HEmsedal BUSK: Hotphone EB heiter deira produkt. Det er eit mobildeksel som heldt mobilen varm slik at batteriet ikkje blir heilt utlada. Mobildekselet vil også lade mobilen. Frusterande opplevingar med daud mobil når dei er i skibakken er bakgrunnen for ideen. Den er utvikla av VIktor Sagabråten, Marius Lohne Møllerplass og Elida WIken Wilson.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS