Avkøyring nr. 3 til Gol opna.
Ordførar Heidi Granli klypper snora.

Avkøyring nr. 3 til Gol opna.

45 millionar har det kosta og det er 30 år sidan ideen fyrste gong vart lansert - endeleg er den tredje avkøyringa til Gol klar og store næringsareal ventar på investorar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.11.2017 14:18
Sist oppdatert : 03.11.2017 14:29

Ordførar Heidi Granli la stor vekt på at den nye vegen ville opne for ny utvikling av handelssenteret Gol og på den måten vise enno klarare at Gol er og vil vera handelssenteret i Hallingdal og også ein handelssenter mellom aust og vest.
Anlegget har kosta omkring 45 millionar og er eit spleiselag mellom kommunen, statens vegvesen og private aktørar. Ola Stølen er ein av dei som har venta på at denne avkøyringa skulle bli klar, og han seier til RH at i dette området vil det om eit par års tid vera skjedd store endringar., FLeire store aktørar bankar på døra og ventar på å sleppe til.

Intervju med Ola Stølen og TOrbjørn Engene i Fredagsmagasinet. Der møter du også Reidar VIko som lanserte ideen om denne avkjøringa i 1985!

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS