Swoff vinnaren av Start Upp Hallingdal
Nils Bekkestad, Nina Aamot og Peter Vigdal - vinnar av den fyrste Start Upp i Hallingdal

Swoff vinnaren av Start Upp Hallingdal

Tre finalistar stilte på Hallingdalskonferansen i dag.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 18.10.2017 22:48
Sist oppdatert : 18.10.2017 23:15

På onsdagens Hallingdalskonferanse var vinnaren av Start upp prosjektet kåra. Tre finalistar var klare etter seminfinalen på Hallingdal feriepark eit par veker sidan.

Kvar av finalistane fekk ein ny sjanse til å presentere seg. Når det var gjort, vart vinnaren kåra ved avstemming blant dei som var på konferansen og hadde med seg smarttelefonen. Ved bruk av ein spesiell applikasjon fekk møtedeltakarane presentert 4 spørsmål omkring finalistane og deira produkt og kven av dei dei trudde mest på. Det viste seg at det måtte fintelling til før vinnar var kåra.

Vinnaren vart gruppa som arbeider med ein applikasjon (Swoff) som tek sikte på å gi familiane moglegheit til å avgrense mobilbruken når dei er samla til selskap eller annan sosial aktivitet. Dei fekk 50 000 til å jobbe vidare med prosjektet.

På sølvplass kom produsenten av merkestenger for barduner. Tormod Rype som står bak firmaet Espedalen AS mottok 30.000. Stengene blir produsert i Kvisla og etterspørselen er så stor at det no blir arbeidd med å automatisere deler av produksjonen. På bronseplass og 20.000 kr kom lyd- og bilde metoden for leselæring som er utvikla i Hallingdal av Maaike Visser.

Meir i fredagsmagasinet








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS