Leveld skule klar for kvartfinale
Leveld skule klar for kvartfinale. Olav Gullhagen, Tormod Brattegard, Elin Thoen og Guro Molde Lappegard

Leveld skule klar for kvartfinale

Leveld skule tevla mot Skurdalen og Dagali oppvekstsenter i årets fyrste tevling.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 17.10.2017 21:43
Sist oppdatert : 17.10.2017 22:08

Då var fyrste tevling i Kven veit mest sin 31. sesong over. Lag frå Leveld skule og Dagali og Skurdalen oppvekstsenter avdeling skole var dei fyrste laga ut denne sesongen. Som vanleg var det litt av ei blanding av spørsmål 6. klassingane skulle svara på, og poenghausten varierte frå 0 til 4 for begge laga gjennom tevlinga.

Leveldlaget viste styrke frå starten ved å få fulle hus mens Dagali/Skurdalen var uheldige og starta med 0. Det jamna seg til utover i tevlinga, men Leveld kneip stadig nokre ekstra poeng slik at dei til slutt tok sigeren med 38 poeng mot 29.

Fekk du ikkje med deg tevlinga tysdag kveld, så kjem den i reprise onsdag frå kl. 15.00








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS