Start upp finalistane klare
Lydfargemetoden, bardunvarslarar og swott appen gjekk til finalen.

Start upp finalistane klare

12 kreative idear vart presentert for juryen og eit stort publikum på Ferieparken onsdag kveld og juryen hadde ein tøff jobb
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.09.2017 09:20
Sist oppdatert : 28.09.2017 09:27

Start upp skal vera med å gi nye produkt og tenester ein god start og dei skal vera med på å gi produkt som alt er lansert og i gang, nye moglegheiter til å koma vidare med produksjon, utvikling, marknadsføring. Det var stort spenn mellom dei produkta som vart presentert på Ferieparken onsdag kveld. Frå Kantefølflak med ostesmak og is laga på stølsmjølk og fløyte til kontainarar brukt til ulike typer hus.

Til finalen kom to produkt som er i gang, Lyd og fargemetoden i leseopplæringa, produksjon av bardunvarslarar og ein ny app for smarttelefonen som skal sørge for at familien kan ta ei pause frå fiklinga med den nye kosebamsen, smarttelefonen.

Finalen er på Hallingdalskonferansen i oktober

Meir i fredagsmagasine.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS