Økouka i Hallingdal

Økouka i Hallingdal

Matsvinnkurs i Hol og kurs i fermetering på Ål med Céline Battedou frå In-Spire i forbindelse med økouka.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 22.09.2017 15:41
Sist oppdatert : 22.09.2017 15:48

Økouka er ei landsdekkjande feiring av økologisk og biodynamisk mat og landbruk. I Buskerud starta den i går og vil vare til og med neste laurdag. Økouka er eit iniativ i frå fleire aktørar og organisasjonar som arbeidar med økologisk og biodynamisk matproduksjon og forbruk, regionalt og nasjonalt. Målgrupper er bønder, privatforbrukerar og storhushaldningar og målet er å auke kunnskap og merksemd om sunn, rein og økologisk mat. Økouka ynskjer å vise fram mangfaldet av landbruk- og matproduksjon i Norge og knyte det til kvardagen til folk.I løpet av veka vil det bli arrangert kurs og seminar både av teoretisk og praktisk art, gardsmarknader, smaksopplevelsar i ulike former og mykje meire. (Kjelde: www.okouka.no). Program for veka i Buskerud og andre fylke er å finne på denne sida. Det kjem til å bli ei innhaldsrik veke med ei mengd ulike aktivitetar som er verd å få med seg.

I Hallingdal blir det to matkurs med Céline Battedou frå In-Spire. Ho kjem til Vika Velferdsenter i Hol fredag og Ål Bygdamuseum neste laurdag, for å halde kurs i matlaging med tema matsvinn og fermentering. To interessante og viktige tema på kvar sine måtar. Fermentering av mat er ein konserveringsteknikk, som blir brukt på ei mengd råvarer verda over. Begge kveldane blir det garantert god mat å få.

Céline er frå Frankrike, busett i Norge og har i fleire år arbeidd med ernæringsveiledning. Ho brukar ville vekster og råvarer frå eigen hage i sin matlaging og lagar sunne og smakfulle rettar. Ho er ein svært inspirerande kurshaldar som det er verd å kome og høyre på og lage mat i lag med. Ein kan godt seie at det i tillegg til å gje inspirasjon i matvegen og å få ei unik matoppleving, so er det også å investere i bedre helse og omtanke for naturen.

(Pressemelding)








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS