Klart for Haustmarknad i Hol
Hausmarknad i Hol (arkivfoto)

Klart for Haustmarknad i Hol

Lokalprodusert mat i mange variantar og lokalt handverk står i fokus når Hol haustmarknad blir arrangert laurdag 16. september. Det er tredje året grendeutvalet arrangerer haustmarknaden og den har hatt svært godt besøk.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 15.09.2017 13:32
Sist oppdatert : 15.09.2017 13:53

Hol har etter kvart vorte ein kommune med mange og gode produsentar av lokal mat i svært mange og smakfulle variantar og på haustmarknaden møter du dei aller fleste. Her kan du sikre deg smakfulle varer frå ost og spekepølser til kjekjøtt og fisk. Det blir også mange tilbod på lokalproduserte varer frå husflidsprodusentar, frå strikking til rosemåling. Nokre lag og organisasjonar vil presentere seg, det blir ymse konkurransar og leikar for barna og kanskje blir det god gamaldansmusikk også… Og du skal ikkje sjå bort frå at det dukkar opp nokre nye, spennande lokalproduserte varer du så langt ikkje har høyrt om!!


Nytt av året er at er at representantar for Juristdagen kjem. Der møter du advokatar og juristar og du kan stille dei spørsmål av juridisk art og får svar og rettleiing heilt gratis!


Smijernutstillingen i Tingstugu er open og i gym.salen på Hallingskarvet skule blir det loppemarknad.
Kl. 15 inviterer kyrkja til flott folkemusikkgudsteneste i Gamlekyrkja der kyrkjemusiker Lars Inge Tverberg saman med Jo Asgeir saman med prest Sveinung Hansen gir messa ein ny og spennande dimensjon.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS