Tilskot Gol: Berre ein søkjar gjennom nålauga
Illustrasjonsfoto

Tilskot Gol: Berre ein søkjar gjennom nålauga

Mange har søkt, men nålauga er trangt og rådmannen rår til at berre ein av søkjarane får tilskot frå næringsfondet på Gol
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 08.09.2017 13:24
Sist oppdatert : 08.09.2017 13:29

Det er Gol skipark as som slepp gjennom nålauga etter at alle søknadane er vurdert av rådmannens stab. Potten i fondet er på 800 000 og halvparten skal brukast i denne omgangen og dei 400 000 blir tilrådd gitt som tilskot til Gol skipark as. Dei skal investere om lag 2 millionar i ny stolheis, noko som av rådmannen blir sett som eit svært viktig tiltak for Gol. Dersom politikarane finn å ville bruke meir pengar av potten, rår rådmannen til at dei kanskje aukar summen til GOl skipark as, men også eit par andre kan då vurderast.

Du kan lesa om alle søkjarane her








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS