Utspørjing av kandidatar frå Halllingdal
Det store målet for alle listekandidatane. Illustrasjonsfoto

Utspørjing av kandidatar frå Halllingdal

Fredag 1. september frå kl 21 blir det utspørjing av listekandidatar frå Hallingdal
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.08.2017 20:37
Sist oppdatert : 30.08.2017 20:43

Fredag kveld frå kl 2100 kan du ringe inn spørsmål til kandidatar frå Hallingdal. Då møtest 5 av dei til ein liten debatt i Radio Hallingdal der det blir spesielt fokus på problemstillingar knytta til områder som Hallingdal. Er det spesielle utfordringar for Hallingdal eller er det skatt og innvandring som er utfordringa her også slik ein kan få inntrykk av når ein høyrer på nasjonale debattar? Landbruk og turistnæring – skal store gardar blir større og større, eller skal ein halde på deltidsbøndene, som me framleis har flest av i Hallingdal. Deltakarar i debatten er Iselin Haugo, Heidi Granli, Sigrid Simensen, Anne Kjersti Frøyen og Tonje Benedikte Kopstad. Dei vil alle gjerne få spørsmål frå folket i dalen, kva opptek dei i desse valkamptider?

Du kan også sende spørsmål på e-post til post@radiohallingdal.no både i forkant av programmet og under programmet. TIl fleire spørsmål det kjem frå lyttarane, til bedre blir programmet,!"!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS