Stort fornminnefunn i Strandavatnområdet
Ivar Hognerud med funna.

Stort fornminnefunn i Strandavatnområdet

Av og til er det verdt å stoppe opp når ein ser noko litt utanom det vanleg når ein går og leitar etter sauer eller er på tur i fjellet
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.08.2017 19:17
Sist oppdatert : 28.08.2017 20:00

Ivar Hognerud var som så mange andre, på sauesank. Brått så han noko spisst som stakk om av ein sandhaug. Han stoppa opp og såg nærare på det, sparka litt i sanda omkring det og det kom fram noko som likna på ei saks, ei gamaldagas sauesaks. Litt seinare gjekk han forbi same staden og sparka litt meir i sandbakken og dermed kom det fram mykje meir. Etterkvart vart det 7 pilspissar og nokre gjenstandar til som no er levert til Hol lensmannskontor. Ei kjapp gransking av bileta gjort av fagfolk, peikar mot ei bondegrav frå om lag år 900. Det blir om lag same tidsperioden det er gjort fleire funn av ved Strandavatn tidlegare.

No er fagmiljø varsla og det er venta at området blir gravd ut og sjekka meir ganske raskt. Så store funn er ikkje heilt kvardagskost, og det blir spennande kva arkeologane finn ellers.

Tradisjonen seier at Ynglesdalen er kalla oppatt etter ein Yngle - kanskje det er grava etter han som no har dukka opp???








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS