Byggefirma i Hol fiksar saltsteingrindene
Slik ser sikra saltsteingrinder ut. Foto: Knut Medhus

Byggefirma i Hol fiksar saltsteingrindene

3500 grinder måtte til rask rehabilitering då det viste seg at lam sette seg fast - Hol bygg as tok saka
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 11.08.2017 15:40
Sist oppdatert : 11.08.2017 15:54

I løpet av 10-12 arbeidsdagar skal grindene vera sikra slik at små lammehovud ikkje set seg fast når dei prøver feil inngang til saltsteinen. Hol bygg as i Djupedalen har sett 5 mann på saka og arbeidet går unna i godt tempo. Brøto transport kjem med ubrukande grinder og køyrer ut att til mange stader i fjella der dei blir sett ned så helikoptera kan henta dei og få dei ut på saltplassane.

Hol bygg as fekk ein forespørsel om dei kunna ta jobben på kort varsel, noko dei gjorde ved å setja andre oppgåver på vent. Det går store mengder med jernbindertråd med til å binde nettingen til grindane, og leverandørane både i Norge, Sverige og Danmark vart tømde for tråd så fabrikken i Belgia måtte sende med fly og ekspressfrakt meir så arbeidet ikkje stoppa opp!

Og neste år er det ikkje ein rein att i Nordfjella som teoretisk kunne koma til å sleikje på ein saltstein......... då skal vel grindane ut att???

Meir i fredagsmagasinet.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS