Stølsdag (5. august)
Illustrasjonsfoto

Stølsdag (5. august)

Torpoåsen og Gaurhovdstølen er atter eingong arena for stølsdag
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 31.07.2017 14:23
Sist oppdatert : 03.08.2017 22:56

                   Laurdag 5/8 kl. 11.00-14.00 er det klart for ny stølsdag hjå Bent Arild Spildrejorde på Gaurhovdstølen.

Me kokar mjølkeprim og kinnar smør (smaksprøver).

Sal av rummegraut, rumme, ystil, kvikaku, lappar, gommokaku og mineralvatn. Gratis kaffi og gratis inngang.

Ballkast og hesteskokonkurranse med fine premiar!

Husflidsaktivitetar og ljåslått.

Småarbeid for ungane.

Mange slags dyr og kose med.

Gratis køyretur med hest og vogn.

Dans og spel ved Hugnad ungdomslag, seniordans frå Gol.

Både små og store: Hjarteleg velkomen til ein triveleg dag på stølen!

(Ta gjerne med noko å sita på!).

Arr. Stølsdagsnemnda i Opheim og Torpo Bygdekvinnelag.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS