60 år med Holsdag. (29. juli)
Eit unikt samarbeid med den tids bønder gjorde at det fort vart nok av hestar med tilhøyrande staselege køyretøy, og den tids kulturarbeidarar famna som ideen for fullt. Dermed vart det Holsdag fyrste helga i august 1957. Som det går fram av dei gamle bildene så vart det ein enorm trafikk - det er inga overdriving å si at det rett og slett krydde av folk! Noko slikt hadde ingen sett før. Det vart store presseoppslag i riksmedia, og dermed vart det enno større tilstrøyming etterkvart - toppen skal ha vore om lag 4000 tilskodarar!
Holsdagen har i alle 60 åra vore tru mot grunnkonseptet: Å vise korleis eit bryllup gjekk for seg til langt fram på 1900 talet, presentere glimt frå folkelivet og gi folket gode historier og gode opplevingar.
No er det diverse dagar omkring i det meste av landet, men i motsetning til dei fleste av dei, så er det ikkje plastikk fantastik på Holsdagen - her er det ekte tvers igjennom.
På årets Holsdag kan de blant anna oppleva 3 av landets absolutt beste felespelarar. Unge Cecilie Skrindo frå Ål som i år vann sin klasse i landskappleiken for 4. gong - Åsmund Jøtun Fauske som vann B- klassen og veteranen Øyvind Brabant, Hallingdals beste spelemann gjennom mange år. Her blir også spenstig hallingdans av mesterdansarane Mikkel Åsberg og Anders Aasberg for å nemne noko.
Programmet tek til kl 13 med vigsle i HOl gamle kyrkje, så er det brureferd langs Holsfjorden før det er gjestebodsfest på Hol museum. På museet får du kjøpt mat og drikke og det er også marknad der med ymse gode tilbod.
Då sea me som me gjera i Hallingdal når det er bryllupp: Hått gjestebø!
Brudeferd langs Holsfjorden er et vakkert skue. Gjensyn med fjorårets ferd ut fra Hol gamle kyrkje. (Foto: Rita Stavn)
Holsdagen har fjesbokside - https://www.facebook.com/holsdagen/?fref=