Så kjem sommartoget til Ål
Illustrasjon frå NRK

Så kjem sommartoget til Ål

Ålingane gjer seg klar til sommafest 1. august
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 21.07.2017 12:05
Sist oppdatert : 21.07.2017 12:07

1 august kjem NRK sitt sommartog til Ål og mykje vil skje den dagen. Sommartoget rullar inn til Ål Stasjon og blir ønska velkomen av ordførar Solveig Vestenfor klokka 12.25.

På stasjonen vil det vere rigga til folkefest med fleire lokale artistar og matleverandørar frå kl. 12.00. til ca 13.00. På scena vil Abubakar Tsitskiev, dansarar frå Ål kulturskule, Helga Myhr, dansarar frå Hugnadheim, Toradertrioen og Black Horser opptre.

NRK vil også ha underhaldning for publikum på perrongen når dei kjem med NRK Super, Fantorangen og Perla mm.

Det vil vere moglegheit til å få kjøpt mat frå fleire mattelt. Her vil det bli servert alt frå småmat, lappar med rumme og syltetøy, kaffi og pizza. Sitteplassar blir det på eit større område på stasjonen. Det vil vere servering både på dag- og kveldstid.

Frå klokka 20.30 til 21.00 vil Tove Bøygard halde en minikonsert på stasjonen før sjølve sendinga.

NRK starter sin sending kl. 21.30 og avsluttar kl. 22.30

Me håper så mange som mogleg møter opp og lagar ein strålande folkefest på Ål Stasjon.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS