Geilo til topps!
Vinnarlaget: Nora Øen Tørrisplass, Iver Brattåker Stuestøl, Erik Espeli. Bak Tony Kjøl frå sponsor Skue sparebank. Foto: Roy Berg

Geilo til topps!

Geilolaget markerte tidleg at dei var i storform til kveldens KVM finale!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.06.2017 23:12
Sist oppdatert : 06.06.2017 23:22

På grunn av uavgjort semifinale var det tre lag i årets finale, Nes, Flå og Geilo. Laga vart utfordra på mange kunnskapsområder gjennom 14 spørsmål av tildels høg vanskegrad innanfor aktualitetar, sport, historie, biologi, språk m.m.

Alt frå starten tok Geilo leiinga, og sjølv om det var nokre poengtap på dei også utover i tevlinga, så var det ikkje mogleg for dei to andre å henta dei innatt. Laget klarte imponerande 43 poeng av 56 moglege og vart ein klar vinnar. Kampen mellom Nes og Flå om sølvplassen var ikkje avgjort før siste spørsmål var besvart, og då bomma Flå mens Nes sikra seg ein klar sølvplass.

Men alle fekk med seg ein sjekk heim til klassen - Geilo fekk 4000 kr, Nes 3000 kr og Flå 2000 kr. Radio Hallingdal gratulerer alle finalelaga med imponerande innsats! De var veldig flinke alle som ein.

Programmet går i reprise onsdag frå kl 1500.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS