Fest for eldre i Hol og Hovet

Fest for eldre i Hol og Hovet

Ein god tradisjon blir ført vidare
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 26.05.2017 17:50
Sist oppdatert : 26.05.2017 17:55

Det er Hol og Hovet menighetsråd som gjennom ein del år har invitert eldre frå bygdene til ein samankomst. I år er festen lagt til BYgdahalll laurdag 3. juni kl 12. Her får dei som blir med servert småmat, kaffi og kaku. Etter maten går dei over i Hol kyrkje der det blir salmekveld med Arne Jensen som prest og Lars Inge Tverberg som organist.

Menighetsrådet vil gjerne ha påmeldingar og det må dei ha innan 2. juni. Brit Kaupang tek i mot på telefon 9246 1663. Festen kostar 50 kroner!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS