Frå v: Kari- Ann Storeskar, leiar av vaskeriet og Jan Gunnarsen frå NVK.
Pris til Vinnvaskeriet på Gol
Det var veldig stor stas hjå Vinn på Gol denne veka då dei fekk besøk av ein som ville gi dei ein diplom
Vaskeribedrifta på Gol fekk saman med 5 andre vaskeri i Norge påskjøningsdiplom frå NVK. Dette fordi dei har levert fyrsteklasses arbeid med alt dei har vaska av ulikt tøy gjennom året. Leiar av vaskeriet, Kari-Ann Storeskar seier til RH at denne påskjøinga betyr svært mykje for dei tilsette og bedrifta og inspirerer dei til å stå på vidare med gode resultat.
Vaskeriet har mange kundar innan storhusholdningar, entrepenørar og hotell i Hallingdal.
Meir på RH fredag kveld med reprise måndag formiddag.