Kvedarkvintetten i Tingstugu i Hol
Kvedarkvintetten skal framføre songar av Sander Røo og Tor Villand. Foto: Signe Fuglested Luksengard

Kvedarkvintetten i Tingstugu i Hol

Kulturhovdingane Tor Villand og Sander Røo, båe frå Hol er hovudpersonane då Kvedarkvintetten frå Torpo kjem til Tingstugu i Hol
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.05.2017 19:26
Sist oppdatert : 12.05.2017 19:58

Kvedarkvintetten har øvd inn eit spesialprogram der dei presenterer songar som Tor Villand og Sander Røo overleverte til Ludvig Lindemann då han var på samlarferd i Hol. Nokre av desse songane/salmane er heilt unike i følge blant andre Anders Sandvig, og har røter attende til middelalderen.

Konserten foregår i Tingstugu i Hol som ligg like ved HOl gamle kyrkje. Både Sander og Tor frekventerte dette huset jamt og trutt så mangt eit minne etter dei sit nok i veggane.

Sundag kl 1930 tek konserten til - etterpå er det servering.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS