Fyrste KVM finalist klar!
Fyrste finalelag Geilo 2: Iver Stuestøl, Erik Espeli og Nora Øen Tørrisplass

Fyrste KVM finalist klar!

Det vart ein ganske jamt kamp mellom dei to semifinalistane i KVM tysdag kveld
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 25.04.2017 22:57
Sist oppdatert : 25.04.2017 23:09

Det var Nes 2 og Geilo 2 som var kveldens semifinalistar, og det var tydleg at laga var svært spente før sendestart. Begge hadde førebudd seg veldig godt med mange timars trening både heime og på skulen. Spørsmåla var tildels svært vanskelege så dei fekk godt bruk for almennkunnskapen sin.

Nes kom litt skeivt ut med 0 på fyrste spørsmålet, og dermed sikra Geilo seg 4 poengs leiing alt frå starten. Utover i kampen jamna det seg litt ut ei stund, men Geilo var best til å kapre dei nødvendige poenga og kunne etterkvart sikre ein relativt klar semifinalesiger. Men det er grunn til å understreke at begge laga leverte imponerande kunnskap!

Neste semifinale er mellom Hemsedal og Nes 1, så sjølv om Nes 2 måtte bite i graset overfor Geilo tysdag kveld, så har Nes barneskole sjansen att i neste runde.

Programmet blir sendt i reprise onsdag kl 1500

 

Nes 2: Anders Kristoffersen, Emilie Mauritzen Lian, Mikkel Storli








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS